Timure Khaidi er eit utviklingsprosjekt i tre små landsbyar i Himalaya. For å kome til landsbyane tek det 1 dag med buss og 1 dag å gå , frå hovudstaden i Nepal, Katmandu. Lansbyane ligg mellom 2000 og 2300 m.o.h. Hjelpeprosjektet vart starta i 2003, men kom først ordentleg i gang frå 2005. Målet med prosjektet er å gje innbyggarane i desse landsbyane reint vatn, gode sanitære forhold og legge til rette for skulegang. Vidare prøver ein å hjelpe dei i gang med næringsverksemd, slik at dei kan tene sine eigne pengar. Det er også laga sjukestover og barnehage⁄landsbyhus i to av landsbyane.
Norad samarbeid
Prosjektet vart i 2008 godkjent av Norad. Det betyr at Timure Khaidi oppfyller alle kvalitetskrav norske myndigheiter set til bistandsarbeid. Rapportar og framdriftsplanar har vore særs gode og Norad ser at prosjektet har båre frukter sjølv med små midlar Dette har gjort at Norad også godkjende prosjektet for vidare støtte i 2009.